Siw Raw produkta blir forska på!

Takka vera FOU- midlar (Forskning- og Utvikling) frå Vestland Fylkeskommune og tett samarbeid med fagfolk og forskarar frå Universitet i Bergen og Haukeland Universitetsjukehus, er draumen min i ferd med å gå i oppfylling. Endeleg kan eg få svar på kva som finns av gode næringsstoff i produkta mine. 


Fleire av produkta mine er sendt til eit laboratorie for analyse og tolking av innhald. Eg gler meg som ein unge. Det er særleg innhaldet av vitamin, mineral og sporstoff i kakene og proteinbaren eg er spent på, men også innhaldet av melkesyrebakterier i kimchien er interessant så klart.
Det er ikkje tvil om at det er mange næringsstoff i både kakene mine, eller dei fermenterte produkta, det har berekningar vist. Men, det er noko med å få svaret frå analysane svart på kvitt. 

Eg har jobba hardt for å kunna tilby folk mat med god smak og riktig næring. No håpar eg endeleg at eg kan få visa at dette er sant, ikkje berre sei det. For det er nett slik forsking er. Det må finnast handfaste haldepunkt, ikkje berre påstandar. 

Forarbeidet med å finna fram til riktige analysar og velga aktuelle produkt har vore mykje meir krevande enn eg hadde trudd på førehand, men også svært lærerik.
Eg må innrømma at det har kosta meg mange seine arbeidstimar,  og jammen sveitte og tårer også, men no er eg meir optimistisk enn nokon gong og gler meg til å dela resultata med alle kundane mine.
Eg lovar å komma tilbake med svara på innhaldet i produkta mine så snart dei er klar.

Nyt dagen😊

Siw